Fem år med The Code of Conduct: Framgang, men framleis store utfordringar for sjøfolks rettar og velferd
Rapporten Delivering on Seafarers’ Rights: 2026 Progress Report blei lansert i Singapore førre veke. Fem år etter at Code of Conduct for sjøfolks rettar blei lansert, viser rapporten både målbare framsteg i næringa og at mange sjøfolk framleis ikkje opplever betre arbeids- og velferdsvilkår i kvardagen.
Lanseringa vart arrangert av den norske ambassaden i Singapore saman med IHRB og Raftostiftelsen, der dagleg leiar, Jostein Hole Kobbeltvedt, var til stades. Raftostiftelsen var ein av initiativtakarane som i 2021 utvikla Code of Conduct, saman med IHRB og Sustainable Shipping Initiative. Koden skal bidra til ansvarleg praksis for sjøfolks rettar og velferd i skipsfartsnæringa. I dag er Raftostiftelsen også ein av samarbeidspartnarane bak oppfølgingsrapporten.
Under arrangementet vart det særleg peika på at sjøfolk i dag står overfor auka menneskerettslege utfordringar knytte til krig, konflikt og tryggleik i utsatte farvatn. Shipping Lead i IHRB, Francesca Fairbairn, understreka behovet for handling: «Vi må tette gapet mellom dei gode aktørane og resten av næringa, slik at sjøfolks rettar vert respekterte over heile linja.»
Gap mellom selskapsvurdering og kvardag
Over 1 000 selskap har gjennomført sjølvvurderinga Crew Welfare Self-Assessment, som omfattar meir enn 13 000 fartøy og rundt 300 000 sjøfolk. Rapporten ser desse resultata i samanheng med undersøkingar blant sjøfolka sjølve, og funna synleggjer eit gap mellom praksisen selskapa rapporterer om og erfaringane om bord.
Rapporten viser at fleire aktørar i skipsfartsnæringa har teke viktige steg for å styrkje sjøfolks rettar og velferd. Samstundes viser undersøkingar blant sjøfolk at framgangen ikkje kjem alle til gode.
Til dømes oppnådde 90 prosent av deltakarane i sjølvvurderinga høge resultat på området «fair terms of employment», medan 76 prosent av sjøfolka svarte at lønna deira alltid blei betalt korrekt, fullt ut og i tide. Vidare oppgav berre 59 prosent av sjøfolka at dei kjende seg trygge på å ta opp eit alvorleg problem utan frykt for konsekvensar, og berre 49 prosent svarte at det var nok mannskap om bord under den siste kontrakten deira til å kunne arbeide trygt, utan overdriven utmatting eller brot på kviletidsreglane.
Sjøfolk som har delteke i undersøkinga fortel om ein kvardag der regelverk og røyndom ikkje alltid heng saman: «På papiret er kviletidene dine fullstendige, men i røynda er du knust av arbeid.» «Dersom du slår saman overtida, så kan den nå over 200 timar, men berre om lag 120 timar vert anerkjende. Resten av timane fungerer som takketimar.»
Behov for å spreie god praksis
Rapporten peikar på at utfordringa dei neste fem åra vil vere å skalere opp den gode praksisen ein ser hjå leiande selskap, slik at betre standardar når fleire sjøfolk. Særleg aktørar som befraktarar, vareeigarar, forsikringsselskap, finansinstitusjonar, regulatorar og flaggstatar har ein viktig rolle i å stille krav og belønne god velferd.
Les heile rapporten hjå Sustainable Shipping Initiative her.
Kontakt
Jostein Hole Kobbeltvedt
Daglig leder| Means of contact | Contact details |
|---|---|
| Mobil: | +47 92066025 |
| E-post: | jostein.hole.kobbeltvedt@rafto.no |